Velkomen til Reed Camping.
Du finn Reed Camping og Fritid ved Europaveg 39, syd for Reed sentrum, 200 meter forbi Breim Kyrkje.
Vi kan blant anna tilby stor utegrillplass med peis samt dansegolv med eiga scene og musikkanlegg.
Vi sel fiskekort og har båtutleige til Breimsvatnet som er kjent for å vere eit av Noregs beste fiskevatn for aure.
Vi kan og tilby fasilitetar som; gode bademoglegheiter, vannsklie og beachvolleyballbane.
Reed Camping og Fritid er eit glimrande utgangspunkt for dagsturar til f.eks. Vestkapp på Stadtlandet,
Briksdalsbreen, Nordfjordeid, Måløy eller Norsk Bremuseum i Fjærland.
Du kan ta fotturar til støyler og fiskevatn i dei omkringliggande fjella.
Du finn meir informasjon om atraksjonar og aktivitetar under linkar i hovudmenyen.
|